Kjelder: Lars Eintveit sine notater Line, Åslaug, Trond, Einar, Gerd Wenche
Sist oppdatert: 02.01.2025
Navnet Eintveit kjem trulig fra einer. På Eintveit veks det ein god del «brakje» av det rette høgreiste slaget, kalla «søyleeiner».
Har budd folk lenge
På Eintveit har det budd folk fra år 900 e. Kr. Frå Svartedauden kring år 1350 til år 1600 låg garden øyde.
Trulig i 1771 blei Eintveit delt i to bruk, Eintveit bruk nr 1 og bruk nr 2.
I 1954 blei gamlehuset på Eintveit rive og Johannes bygde nytt hus litt lenger nede mot fjorden og som han kalla Nertveit. Johannes og Jorunn budde på Nertveit til i 1993, då flytta dei til Etne. Frå 1993 var det ingen fastbuande på Eintveit, nabogardane Bjelland var også fraflytta.
Gården
Eintveit er en sjarmerande familiegard som ligge på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune. Den blei fraflytta i 1993. Nå brukes garden som ein god ferieplass.
Her er bilde av barebarn til Ola Eintveit (søskenbarn) tatt under sleksstevne på Eintveit i 2014.
Huset
Våningshuset har blitt restaurert i perioden 2015 - 2019
Taket er retta opp, nye sperr, nytt sutak osv.
Ny stålpipe
Dei gamle hellene kom på plass.
Ny bordkledning
Mange har vore med på det omfattande arbeidet. Resultatet er blitt sers godt.
Eintveitstølen
Eintveit gardane hadde eit tredelt stølshus i lag. I midten var det fellesrom for mjølk, og soverom i kvar ende.
I 1928 var det eit uvær som ødela Eintveitatølen. Samme år blei der bygd nye stølshus på ein tryggare plass.
Skuten
Veaskuten, her er arbeidet starta i 2024.
"Nye" sperr er gjenbrukt, gamal tømmer frå Almatun, som sto ved Bjellandsnes. Også her blir orginal skiferheller gjenbrukt.
Tjødnabru
Ny Tjødnabru er blitt utrulig fin.
Sune, Trond og Olemann har stått for arbeidet. Rekkverk av einer.
Ei 52 år forseinka bruopning
Midt inne i skauen på den veglause nordsida av Åkrafjorden, ligg ei mosegrodd ubrukt bru. Det er på høg tid å klippe snora.
Ola Eintveit, 1915 - 1947
Toralv og Elias Djuve, 1948 -1949
Johannes Eintveit, 1949 - 1993
Harald Eintveit , 1993 - 2023
Bjarte Eintveit, 2023 -
Eintveit bruk nr. 2
Toralv Djuve, 1930 - ?
Gunnvor Ytrenes og Ola Djuve, 1963 - ?
Åslaug Ytrenes og Trond Djuve, 2016 -
Eintveit bruk nr. 2
Trond med Toralf sin hatt
Slektstreff i 2014, etterkommere til Gunnhild og Ola Eintveit
Hele 134 etterkommere samlet i tunet på Eintveit
Ola Eintveit
Ola Eintveit (1879-1966) min bestefar. Faren Lars Lauareid (1842-1925) kom frå Nonshaug i Etne, han var gift med Ingeborg Skromme (1839-1904).
Ola hadde ei søster Ingeborg (1877-1941), henne veit me lite om, ho helt seg mest inne på loftet.
Ola blei ofte kalla "nonsen", fordi han kom fra Nonshaug. Han hadde god helse, var sprek og lett på foten, interissert i jakt og fiske. I fjorden var det fisk og etter ein jakttur kom han ofte heim med god fangst. Ola dreiv garden med sauer, geiter, kyr og hest. Dei måtte ofte spe på høyet med skav av ask og eik.
I 1901 gifte han seg med Gunnhid Djuve, dotter til "stordjuven" Ola Djuve. Fra 1902 til 1919 fekk Ola og Gunnhild 10 born. Lars (1902-1994), Guro (1903-1997), Ola (1905-1920), Ingeborg (1907-1983), Johannes (1909- 1993), Nils Johannes (1910-1944), Gerhard (1912-2005), Emerense (1914-2010), Olav (1916-1920) og William (1919-2019).
Sjukdom i familien
I 1920 ble familien råka av ein smittsam lungesjukdom (trulig «Spansko»). Fleire vart sjuke og Ola 15 år og Olav 4 år døde.
Ingeborg blei sjuk blei lagt inn på Valen sjukehus og budde der dei siste 45 år.
Dei andre borna stifta familie og etter kvart er det blitt svært mange etterkomarar.
Mora Gunnhild fekk tuberkulose og døde i 1927, 52 år gammal. Ola vart ekstremt reinsleg, han stelte huset og den sjuke kona og ingen av borna blei smitta.
Han viste og samfunnsansvar, var med i skule- og bedehusstyret. Gunnhild og Ola var flinke å synja og kunne opptre med song på bedehuset.
Ved sjukdom i grannelaget kunne Ola med bibel i hand koma og gi trøyst.
Ola og Gunnhilds famile
Gunnhild hadde to søstre i nærheten, det var Gurine på Bjelland og Marta på Djuve. Då dei gjekk ofte på besøk til kvarandre, då gjekk dei gjerne og strikka og song.
Gunnar Bjelland skriv i RØYSTER SOM TAGNA: «Skulevegen vår gjekk gjennom Eintveit-tunet. Me stoppa og snakka med dei. Det var alltid smil og noko muntert i desse samtale våre»
Ola fekk skøyte på garden først i 1915 og dreiv garden til han var om lag 70 år. Då håpte han at ein av borna kunne overta garden. Det blei ei vannskelig tid. Men ingen våga og ta over.
Så kjøpte naboen Toralv og Elias Djuve garden, dei hadde då både Eintveit 1 og 2 .
Så enda det med at Johannes og tok garden Eintveit 1 tilbake på odel. Etter Johannes overtok bygde han først løe og 1954 ble det hus på Nertveit. Johannes og Jorunn dreiv garden fram til og 1980. I 1992 flytta dei til Etne.
Både Bjelland og Eintveit blei fråflytta i 1993.
Nå det det blitt gode ferie plasser. Husa er blitt tatt godt vare på av etterkommerne.
Tretti åra
Etter børskrakket i 1929 blei det nokre harde tider i trettiåra. Det blei arbeidsløyse på 25%, lønene var låge, og ein måtte ta i mot det som var av arbeid. Politikerane som skulle prioritera og bestemma, hadde det utrulig vanskelig. Mange meinte skulane måtte stenja og lærrane kunne ta anna arbeid. Lærarskulane blei stengde nokre år
Lars Eintveit var lærar på Skarveland skule på Sandvoll, tilsett med 34 veker og rekna som full post. Skånevik kommune måtte spara pengar og bestemte at Lars sin post blei sett ned til 22 veker. Så var han heldig då Eintveit skule trong lærar, der fekk han 14 veker.
Skuleruta blei då 3 – 4 veker i Skarveland og 2 – 3 veker på Eintveit skule. Slik vart i frå 1930 – 1937. Årsløna var 3 000 kr. Mange meinte lærarlønna var for høg.
Boligen som følgde på Eintveit skule var eit lite kammers i skulehuset. Her budde Lars med kona Lina Margrete og dottera Gunnhild. Det var enkle vegger mellom skulestova og kammerset. Synøve Djuve Strand var elev og fortalte: dei høyrde frå naborommet: «pappa nå må du koma, mamma har laga komler»
Søskena
Dette bilde bli tatt i Lars sin 80 års dag i Haugesund. Emmerense var desverre ikke med denne gangen.
Lars
Lars var 17 år og Guro 16 då dei skulle ut i verda. Lars hadde fått plass på Framnes Folkehøgskule og foreldra fann det tryggast at Guro blei med, for ho var meir vaksen for alderen. Guro hadde fått plass som tenestegjente hos lærar Svarstad på Framnes.
Faren Ola rodde med færingsbåten til Fjæra. Så var det å gå 5 km til Skromme (det var jo slekta), her overnatta dei. Andre dagen blei det hesteskyss til Jøsendal. Avskjed med faren var svært alvorlig og høgtidelig. Så var det for ungdommane å gå dei 20 km til Odda. Dei møtte ingen bilar på vegen. Svært stolte kunne gå ombord i Vøringen kl. 8 om kvelden, dei kom til Nordheimsund kl. 5 neste morgon.
Lars kom inn på Volda etter opptaksprøve og var ferdig med 3 årig lærarskule i 1923. Han var då 21 år. Første lærarpost var på Lindås. I 1925 fekk han lærerpost på Sandvoll, den gang Skånevik kommune.
Siste året Lina Margrete Stangeland var elev på folkeskulen, hadde ho Lars som lærar. Etter kvart blei Line Margrete og Lars kjærstar. I 1931 blei det bryllaup i Stavanger, Lina Margrete og Lars blei ektefolk. I bryllaupet var søskena til Lars; Ingeborg og Gerhard med.
Til Sandeid kom familien i 1948. Frå 1948 - 1969 var han lærar ved Vestbø skule. Han var og klokkar. Det ble nokre god år på Sandeid.
Line Margrete døde uventa av hjerneslag i 1957, ho blei berre 45 år.
I 1960 gifte Lars seg med Marie Bakkevold. Dei siste 18 åra budde dei i Haugesund
Lars og Lina Margretes barn
Gunhild Eintveit, 1933, Sandvoll Gift med Georg Larsen, 1927-2019, Sandeid
Olav Eintveit, 1937, Sandvoll Gift med Sofie Leidå, 1938, Årdal i Ryfylke
Liv-Berit Eintveit, 1938, Sandvoll Gift med Bjarne Bø, 1928-2000, Randaberg
Kjersti Eintveit, 1941, Sandvoll Gift medLee Roy Henriksen, 1930-2021, Etne Gift med Terje Christiansen, 1943, Larvik
Nils Johan Eintveit, 1946-2021, Sandvoll Gift med Solbjørg Veterhus, 1946-2007, Sandeid
Guro
Guro blei elev ved Framnes Folkehøgskule i 1920, der blei ho kjent med Berent Giil fra Hillestad i Sogn.
Berent tok lærar skulen på Volda og var ferdig 1925. Første lærarposten var heimbygda Hillestad.
I 1927 gifte Guro og Berent seg i Bergen. Berent fekk lærarpost i Vetlefjorden, her blei Gunnlaug og Sunneva født. Så ble det flytting til Kyrkjebø, her ble Berent tilsett som lærar og klokkar. I Kyrkjebø økte familein dei fekk Magnhild, Oddvar og Steinar. I 1947 fekk Berent lærar post i Fana, her avslutta han lærar gjerninga i 1971.
Borna: Gunnlaug Giil, 1928, Vetlefjorden + Hallstein Kjøllesdal, 1925-2018, Oslo
Sunneva Giil, 1930, Vetlefjorden +Nils Helgesen, 1926-1990, Oslo
Magnhild Giil, 1931, Kyrkjebø + Arne Schjøth, 1930-2015, Oslo
Oddvar Giil, 1937-2018, Kyrkjebø + Reidun Larsen + Marta Snøtun
Steinar Giil, 1944, Kyrkjebø + Kari Gaupås, 1947, Bergen
Ingeborg
Har ikkje eit godt bilde av Ingeborg, det me har er tatt i bryllaupet til Lina Margrete og Lars i Stavanger 1931.
Då mora Gunhild var sjuk blei Ingeborg heime på Eintveit. I 1926 skreiv Ingeborg til broren Lars "mor ligg mest støtt no". Gunhild døde februar 1927. Så blei det til at Ingeborg blei heime og var husmor i fleire år.
Ingeborg fekk plass som gardsgjente i Vetlefjorden, det høyrde med til arbeidet å vera stølsgjente, ofte måtte ho då vera åleine på stølen. Det vart vanskelig for henne.
Lars måtte reisa og hente henne, på vegen heim var dei innom ein psykiater i Bergen. Etter kvart vart ho innlagt på Valen psykiatiske sykehus. Ho ble på Valen dei siste 45 år.
Ingeborg blei gravlagt på Åkra kyrkjegard november 1983 i same grav som mora Gunhild var gravlagt 56 år tidligare. Det var Harald Eintveit som forretta, han var då sokneprest i Skånevik.
Johannes sine
Harald Hjelmbrekke Eintveit, 1951, Bergen, død 2022 i Vikedal + Norun Marie Eide, 1954, Halsnøy
Einar Olav Eintveit, 1954, Bergen + Birgit Tveit, 1963
Nils var elev ved Framnes i 1928. I 1934 begynte han på 4-årig lærerskule på Volda.
Siste året på Volda fekk han ein hjartesjukdom, som han måtte ta omsyn til. Han hadde då post som privatlærer i Hardanger og Bergens gute heim på Garnes.
I 1936 ble han lærar ved Utbjoa. Her møtte han Sigrid Berge og dei gifte seg i Ølensvåg 1941.
Etter eit sjukehusopphald døde Nils brått juni 1944.
Sigrid og Nils fekk: Liv Eintveit, født i Ølensvåg i 1943, død i Haugesund 2015 gift med Audun Løvereid født i Haugesund 1940 død 2018
Gerhard
Gerhard vaks opp i dei harde 30 åra, då var det vanskelig å få både arbeid og utdanning. Han deltok på forskjellige kurs og spesielt ble han utrulig god i trearbeid, reine kunsnaren. Finsnekker var han, laga møbler, trapper, vinduer. Han laga og pyntegjenstander, serveringsbrett som han dekorerte med INTERSIATEKNIKK. Formingslærar var han fleire stader og dei siste åra var har lærar i grunnskulen på Halsnøy.
Så var han ein god humorist. Det var stor stas for oss ungane når onkel Gerhard kom på besøk.
Under krigen måtte me levera frå oss radioen. Då Gerhard kom, kunne har stikka håve inn i ei pappeske, så med den løgne "radio stemme" lesa lokale nyheter og vær meldingar, og heile familien lo.
Gerd Wenche Eintveit, 1948, Haugesund + Ove Fauske, 1948, Bergen
Terje Eintveit, 1952, Haugesund + Eli Halland, 1954, Grinde
Marit Eintveit, 1954, Sandnes + Jan Sigurd Johnsen, 1956, Bergen
Nils Olav Eintveit, 1960, Skånevik + Aslaug Wannberg, 1961, Skjoldastraumen
William blei 100 år døde 10.mai 2019 Gudrunn døde 14. mai 2019
Det blei ein felles begravelse for Gudrunn og William den 23. mai 2019 i Bergen.
Dramatisk bryllaupstur
På grunn av brot mellom nasistane og kyrkja i 1942, la alle prestane ned sine embeter. Sorenskrivar overtok vigslinga og ga fulllmakt til lærar Enes i Toftevågen.
Gudrunn og William gifta seg i november 1942. Vigslinga blei hos Enes i Toftevågen. Reisa starta på Sandvoll via Toftevågen med Kristian Andenes si opne tresnekke. Om bord i snekka var brudeparet + Lina Margrete og Lars Eintveit, Brita og Knut Skarveland og Ragnhild Skarveland. På vegen inn Høylanssundet merka dei verskifte. Mørke skyer truga i aust og kvasse vindkvervar leika rundt den vesle snekka. Då dei skulle kryssa Skånevikfjorden bles det stiv kuling. Snekka jumpa opp og ned, og med kraftig sjødrev. Dei måtte krypa samman i dei verste vindkulene. Ved runding Vannes auka vinden i styrke og slo over til farlig kastevind. Passasjerar sa lite, Kristian såg rett fram og sa ingenting - på høyde med Søllesvik, - då sa Kristian: "EG VÅGA IKKJE GÅ LENGER".
Dei nødlanda i støo, ein stad på Baugstranda, omtrent mellom Åkra og Matre. Omsider fekk dei husrom i nokre hus i strandkanten. Neste dag laurdag 7. november, ikkje svartstille, - men betydelig spakare sjø. I stampesjø og snødrev kom dei endelig til Eintveit-land.
Det var på høg tid. Gudrunn og William måtte springa til gards, ta på bryllaupskleda og gjera seg klar til ny reis til Skånevik med "SEIRA" , ei hurtiggåande skøyte. Etter kyrkjelig sermoni med presten Walkner i Skånevik kyrkje gjekk turen tilbake til dei gamle stovene på Eintveit og festen kunne begynna.